Politiet rykte ut til to meldingar om fyll og bråk, ein gong til Ulsteinvik og ein gong til Fosnavåg. I Ulsteinvik vart ein person sett i arresten som fylgje av bråket, medan det i Fosnavåg var stille og roleg då politiet kom til staden. Ei av patruljene traff også på 3 gutar som dreiv uforsvarleg leik med fyrverkeri ved ved opninga til Eiksundtunnelen på Ulsteinsida. Ingen vart pågrepne, men det er oppretta sak mot gutane.
Nyhende →
Fredeleg nyttårsfeiring på Ytre Søre
Bortsett frå nokre relativt små hendingar kan Operasjonssentralen i Ålesund rapportere at nyttårsfeiringa i dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre stort sett har gått fredeleg for seg.