Ulstein kommune fekk i juni i fjor pålegg om kartlegging, risikovurdering og tiltaksplan i høve til relevante arbeidsmiljøutfordringar ved Ulstein ungdomsskule og Haddal skule. Arbeidstilsynet har teke imot melding om at pålegget er gjennomført, men etterlyser forpliktande og tidfesta handlingsplan. Inntil det er motteke, kan dei ikkje sjå pålegget som oppfylt. Om dei ikkje får dette skriftleg, kan kommunen få tvangsmulkt til 1000 kroner dagen for kvart pålegg inntil Arbeidstilsynet har teke imot skriftleg melding om at pålegget er gjennomført.