Ved Ulstein kyrkjekontor blir det opplyst at sokneprest Atle Hopland frå nyttår av skal redusere stillinga si med 20 prosent. Dessutan skal Sjur Sæter, som i dag har 50 prosent stilling i prostiet, og 50 prosent stilling i Sande, ta til som prest i Vanylven frå nyttår. Dermed blir det frå årsskiftet ledig ei 70 prosent prestestilling. Det kan bli aktuelt å tilsette ein prest for å dekke den ledige stillinga og andre vikarbehov som kan kome. Prestetenesta er i dag organisert slik at Hareid, Ulstein og Herøy er eitt samarbeidsområde for prestane. Ein eventuell ny prest må knytast til eitt av kyrkjekontora og ha arbeidsplassen sin der.