Oskar Grimstad har bak seg fire periodar i Hareid kommunestyre. No er han spenna klar til å gå laus på den femte, og helst som ordførar. Litt teljing på knappane har det vore før han sa ja til valnemnda, men engasjementet for Hareid er så stort at han ikkje klarte å seie nei. - Det er for mykje som har stansa opp i Hareid, forklarer han. - Du må kome med døme? - Vi har blant anna hatt for få sentrumsnære byggjeklare tomter. Det har ført til at eg har fått telefonar frå mange som har varsla meg om at no må politikarane vakne og få auga opp for at etablerargenerasjonen er i ferd med å flytte ut av kommunen. Til byggjeklare tomter i nabokommunane og andre stader i regionen, svarer han. Oskar Grimstad er svært glad for at formannskapet på førre møtet samrøystes sa ja til at det private reguleringsframlegget på Teigane skal få topp prioritet. Eit felt som mange unge i etableringsfasen har lyst til å byggje i. Hareid kommune har i fleire år slite med økonomien, og også på dette feltet meiner Grimstad at han har noko å tilføre. - Er det privatisering som er nøkkelen? - Nei, ikkje for ein kvar pris. Det viktigaste er å ha ei haldning om at det er like viktig å hegne om økonomien til fellesskapet som til privatøkonomien. Grimstad vil ikkje vere konkret, men han meiner det er viktig at kommunen er nøyen på kva det skal seiast ja eller nei til.

Hareid har vekstpotensial

Ordførarkandidaten til Framstegspartiet meiner Hareid er ein kommune med stort vekstpotensial. - Hareid ligg sentralt, og burde friste fleire både til å busetje seg her og til å etablere seg med næringsverksemd. Vi er mellom anna naboar til den største byen i regionen. Ålesund ligg berre 20 minutt unna. I tillegg er vi ein del av den maritime klyngja i regionen, så steller vi oss skikkeleg, ligg det an til fleire nyetableringar. Men det fordrar at selskapa slepp å oppleve kommunal seindrektigheit. Det vil vere øydeleggjande for Hareid. - Men kan det ikkje vere øydeleggjande for ordførarkarrieren din i Hareid at firmaet ditt no er i ferd med å flytte til Ulsteinvik? - Firmaet skal til Ulsteinvik fordi vi har slått oss saman med eit firma der. Nokre gonger er det rett å flytte til Ulsteinvik, andre gonger vil det vere rettare å flytte til Hareid. Samanslåinga av dei til blekkslagarverksemdene er med på å sikre Hareidlandet eit slikt tilbod. Dessutan sikrar det arbeidsplassane i Grimstad Blikkenslagerverksted, svarer han - og legg kjapt til: - Eg blir ikkje mindre hareidspatriot av å ha ei bedrift i Ulsteinvik. Du står øvst på fylkesvallista, og siktar deg også inn på å bli fylkesordførar. Å kombinere desse to verva blir ikkje enkelt? - Veljarane får avgjere kvar eg endar. Men det er hareidsfolk som har støtt øvst på begge listene også før. Den siste var så vidt eg hugsar Einar Holm. På tampen av intervjuet har Oskar Grimstad ein lovnad som han gjerne vil kome med til komande medlemer i Hareid kommunestyre: - Blir eg ordførar så skal eg love å vere ein samlande ordførar for alle partia. Det er ei viktig for Hareid.