ODIM har møtt krava til tryggleik innan offshore-næringa med ei rekkje nye konsept, mellom anna med ODIM Anchor Recovery Frame. Ved å nytte dette utstyret når ankeret skal løftast over hekkrullen på eit ankerhandteringsfarty, reduserer ein maksimumsbelastninga med meir enn 50%. Dermed aukar ein tryggleiken for mannskapet på dekk og ein unngår skade på utstyr, seier Jon Olav Kopperstad, direktør i Offshore Supply i ODIM. Med denne siste kontrakta har ODIM sikra seg leveransar av til saman seks slike system. Så langt har leiande offshore-redieri som Farstad og Solstad valgt å nytte ODIM sin ARF på nye farty som er under bygging. Dette stadfestar at ODIM har utvikla ei løysing som marknaden har stor tru på. ARFen er til vurdering i mange nye prosjekt og vi vurderer difor at fleire rederi vil nytte seg av denne løysinga, kommenterer Torgeir Haugan, divisjonsdirektør for ODIM sitt største forretningsområde, Offshore Service Vessels.