Eli Skaatun er stolt over å ha med seg så unge kandidatar øvst på lista til Venstre. Og dei er stolte over å ha Skaatun som ordførarkandidat. Det hadde vore kjekt å få ein ordførar med hennar yrkesbakgrunn, meiner Ellen C. Kvalsund. Eli Skaatun er fagkonsulent på Vestmo behandlingssenter for rusmisbrukarar. Ulstein Venstre er opptekne av at unge må få gode oppvekstvilkår. Då kan utdanninga hennar på levevilkår kome godt med. Skaatun har bak seg tolv år i kommunestyret, ho har tidlegare sete i formannskapet, og er no leiar for Helse-, sosial- og omsorgsutvalet.

Kultur viktig

Tom Henrik Muggerud er heilt fersk i politikken. Han melde seg inn i partiet Venstre for berre to månader sidan. Eg oppdaga at eg gjerne var samde med dei. Eg brenn for ungdom og kultur, det gjer dei òg, forklarer Muggerud. Han meiner at no som industrien går så bra, er det kulturen sin tur. Snart opnar kulturhuset, og det er han spent på. Venstregruppa er glad for at kommunen no får ny ungdomsskule. Samstundes minner dei om dei andre skulane som står på vent i kommunen. Ellen C. Kvalsund finn dei meiningslaust at ungane ikkje skal få plass på skulen når me lever i eit så rikt samfunn.

Rettferdig handel

Ei anna viktig sak for Venstre er at Ulstein bør bli ein rettferdig handel-kommune. Venstregruppa ønskjer er kaffien som blir servert på rådhuset skal vere merka rettferdig handel, men det er ikkje nok. Folk må få meir kunnskap om etisk handel, og butikkane bør få større utval av slike varer.

Sunn fornuft

Unge Venstre kjem inni mellom med utspel som at dei vil liberalisere narkotika eller at dei er for fleirkoneri. Vil Ulstein Venstre kome med liknande framstøyt? Dei fire toppkandidatane til Ulstein Venstre ler. Eg må no først få meg ei dame, svarer Muggerud. Eli Skaatun forsikrar om at ho skal vere garantist for at dei ikkje finn på noko slikt. Ho seier at hjå dei er det den sunne fornuften som skal styre. Dei er sosialliberalarar. Dette vil seie at folk skal få lov til å styre seg sjølve, men dei som treng det mest må få hjelp.