I fjor haust søkte Lillian Flø Ulstein kommune om å få rive ei gamal grindløe ho har ståande ute på Flø. Men kommunen gav henne eit år på å finne nokon andre som kunne overta løa og setje henne i stand. I vår tok Union Hotell kontakt med Flø om at dei kanskje var interesserte i løa. Men det tok så lang tid før kommunen sa ja, at hotellet gav seg på det. Dessutan sa fylkeskonservatoren at han helst såg at løa vart ståande der ho stod. For å gjere ein innsats har Lillian Flø no avertert om at grindløa er til sals for dei som ønskjer å overta henne og restaurere ho. Men til no har ingen meldt seg. Får ikkje Flø napp innan 1. november i år, får ho lov til å rive løa.