Jordskjelvet hadde utspringet sitt seks kilometer aust for Brattvåg. Politiet har ikkje fått melding om at nokon er skadde. Men fleire skal ha blitt redde av skjelvet, og kontakta politiet for å høyre kva det var. Skjelvet har vore så sterkt at det har kjendest over store delar av Nordvestlandet, men det ser ut som folk i Ålesundområdet har merka mest.