Kontrakten gjeld ei oppsjonsinnløysing, og er tildelt av Labroy Shipbuilding and Engineering Pte. Ltd. Kontraktsverdien er oppjustert frå opprinneleg nivå og utgjer totalt 50 millionar kroner. Ankerhandteringsutstyret er til skip som skal byggjast ved Labroy-verftet i Indonesia for reiarlaget Swire Pacific Offshore. Leveringa skal skje frå hausten 2008 til våren 2009. Odim har med denne kontrakten sikra seg leveransar til totalt 10 identiske skip for Swire Pacific Offshore i Singapore. I tillegg til etablerte marknadsnisjar kjem Odim i tida frametter til å satse tungt på den særs krevjande djupvassmarknaden.