Ved Intersport Straumane i Ulsteinvik har dei nettopp fått inn skorne. Butikkleiar Steffen Frøystad fortel at det i løpet av dei siste månadene har vore mange innom for å sjekke om dei fører masaisko. Medan Vikebladet Vestposten står og kikar på skorne, kjem Evy Dimmen Sundal inn i butikken. Nei, har de fått masaisko, utbryt ho - og går rett i prøvinga. Dimmen Sundal kan fortelje at ho har vore inne på internett for å finne ut kva det er slags føremoner desse masiaskorne, som så mange snakkar om no har. Saman med ektemannen er ho innehavar av ein frisørsalong i Ulsteinvik, og no vurderer dei å kjøpe inn masaisko til dei tilsette. Dei skal både førebygge og verke lækjande på fot, kne og ryggplager. Noko som frisørar ofte får med åra.

Berrføtt i ulendt terreng

Det var den sveitsiske ingeniøren Karl Müller som fann opp masaiskoen, og inspirasjonskjelda var det austafrikanske masaifolket, som går mykje barbeint i ulendt terreng. Under eit lengre opphald i Korea hadde Müller rygg- og kneproblem. Han merka seg at når han gjekk barbeint på mjuke rismarker vart smertene redusert. Konklusjonen hans var at betringa kom av den stimulerande effekten det ujamne og ustabile underlaget skapte på kroppens muskel- og skjelettsystem. Dermed gjekk han i gang med å få utvikla eit nytt solekonsept som skulle gje mennesket sjansen til å gå på ein meir naturleg måte. Utviklinga har pågått over 10 år, og resultatet vart ein støydempande sole med ei instabile kjerne.

God for balansen, magemusklar og korsrygg

Sålen er tjukk og avrunda, og Steffen Frøystad opplyser at både balansen, magemusklane og korsryggen får seg ei oppstramming av masaiskorne. Nokre kan bli sjøsjuke dei første dagane dei brukar skorne. Andre har kome tilbake og fortalt at dei har fått gangsperre i musklar dei ikkje visste om at dei hadde, forel han. Innøvingsperioden er oftast på ei vekes tid. Folk som går og står mykje, til dømes helsepersonell, har begynt å bruke masaiskorne. Men dei er tenkte til dagleg bruk, både på arbeid og til vandretrurar. Masaiskorne blir selt gjennom spesialistar, sportsbutikkar og skobutikkar. Alle har gjennomgått opplæring før dei får selje produkta.