Dei kommunale barnehagane i Ulstein og Hareid tek opp tevlinga frå dei private barnehagane og kan i sommar tilby opne barnehagar. Barnehagekonsulent Nina Hovde i Ulstein kommune har sendt ut brev til alle foreldre og føresette om å melde ifrå når barnet eller borna deira skal ha fri frå barnehagen. Om det er færre enn åtte born til stades i ein av barnehagane, vil dei vurdere å slå saman fleire barnehagar i den aktuelle perioden.

Rett på ferie

Vedtektene for barnehagane slår fast at alle born har rett på tre veker samanhengande ferie innan for tidsrommet skulane har ferie. Det vil seie 21. juni til 19. august i år. Born skal slutte i barnehagen og byrje på skulen må ta ut tre veker samanhengande ferie innan utgangen av veke 30. Det er siste veka i barnehageåret for desse borna. Dei komande førsteklassingane kan melde seg på sommarope skulefritidsordning, ved Ulsteinvik barneskule eller Hasund skule før skulestart.