Kvart over åtte i kveld fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrd inn i eit busskur ved avkøyringa til Varleite.

Politi og ambulanse rykte ut til staden. Føraren av bilen var ein mann på 19 år. Han vart køyrd til legevakta for ein sjekk.

Busskuret vart skadd av påkøyringa.

Ulukka skjedde ved at bilen skulle køyre forbi to bilar som stoppa og skulle svinge av til venstre frå riksvegen. Det er forbikøyringsfelt på høgre side av riksvegen, det var dette feltet har køyrde ut. Det var snø og slaps på staden.

Politiet opprettar sak.