Vesle Pavel har fått ny heim der han får både tryggleik og varme. Den barnrike familien som har tatt i mot han, lever i tronge kår, men manglar ikkje hjartevarme. Foto: Pressefoto

I Ukraina har store delar av folket lidt seg gjennom ein uvanleg kald, snørik og lang vinter i dårlege hus utan tilstrekkeleg oppvarming. Både i byane og på landsbygda lever mange under fattigdomsgrensa og slit såleis med å brødfø seg og sine.

Sjølv om det går mot varmare tider, er det fint å kunne vere med og hjelpe våre naboar i aust.

Emanuel hjelpande hender startar difor ei ny runde med innsamling av klede, sko, syklar og barnevogner fleire stader på Sunnmøre.

Det er òg høve til å gje økonomisk støtte til bygging av barneheim i landsbyen Strumok i den sørvestlege delen av Ukraina. Barnsenteret er under oppføring og vert bygd i regi av den lokale kyrkja.

– Med støtte frå både skular, organisasjonar og private her heime, er dette prosjektet muleg å realisere. Ulike lag kan vere med på delprosjekt, som til dømes kjøkken, sovesal m.m. Det er berre å melde si interesse, seier Roy Ytterland, leiar for arbeidet i Emanuel hjelpande hender.

Då Emanuel vitja denne delen av landet i påska, møtte dei ei spesiell familie som gjorde djupt inntrykk. Paret hadde sjølv fire born og svært lite å rutte med. Men der det er hjarterom er det også husrom. Vesle Pavel på eitt og eit halvt år har fått ny heim hjå familien. Mor hans hamna i fengsel etter eit mordforsøk på faren, men hjå sin nye familie kan vesle Pavel bu trygt, sjølv om det skortar på det meste av materielle godar.