Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen kjem til å sende ut bot til kraftselskapa som ikkje klarte å levere straum i romjula. Mykje tyder på at kundane må vere med på å betale om lag 40 prosent av denne rekninga. Her eit velta tre på Pålhaugane, Hareid. Foto: Leiv arne Grimstad

NVE (Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen) kjem til å sende ut KILE-krav (kompensasjon for ikkje levert energi) til kraftselskapa som under orkanen i romjula ikkje klarte å levere stram til forbrukarane.

I eit oppslag i ei riksavis 31. desember vart det skrive at for Tussa sin del kom KILE-rekninga til å bli på om lag 200 millionar kroner.

Det avviser konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.

– Dei tala har avisa ikkje fått frå oss. Vi har faktisk ikkje rekna på kva summen vil bli, men eg er heilt trygg på at han ikkje kjem til å bli i nærleiken av 200 millionar kroner.

Dybdal slår fast at sidan “Dagmar” herja 2. og 2. juledag har Tussa konsentrert seg om å sørgje for at folk til få krafta tilbake.

30. desember hadde alle husstandar i Tussa-området fått att krafta. Nokre fritidsbustader er framleis utan straum.

Positiv effekt

Nils Martin Espengren, leiar for nettseksjonen i NVE, seier til Dagbladet at KILE-ordninga har hatt ein positiv effekt sidan ho vart innført for nokre år sidan. Ordninga har ført til betre og høgare kvalitet på kraftleveransane.

Målet til NVE er at kutt i inntektene til dei selskapa som ikkje klarer å levere etter avtale, vil auke viljen i kraftbransjen til å høgne kvalitet. Men 40 prosent av inntektstapet NVE no påfører nettselskapa, kan dei ta igjen ved å auke nettleige, opplyser Espengren.

Dette kan føre til at nettkundane må vere med på å betale for herjingane som “Dagmar” har gjort på kraftlinene.