I Ulstein kommune har dei alt gjennomført felles vaksinering på Ulstein Helsestasjon. No blir det også i Hareid.

Mange blir sjuke på vinteren

Influensa gjev feber og smerter i heile kroppen, i tillegg til luftvegssymptom. Vanlegvis blir mellom fem og ti prosent av innbyggjarane sjuke i løpet av vintersesongen.

Nokre år kan influensautbrota gje epidemiar med mange alvorlege sjukdomar eller døde, og er difor under nøye overvaking. Folkehelseinstituttet melder at det døyr rundt 900 personar årleg i Noreg der ein kan knyte dødsfallet til influensa. Dette talet kan variere frå år til år. Dei som døyr er gjerne eldre og personar med alvorleg bakanforliggjande sjukdom.

Målgruppa

For å minke risikoen for å bli smitta er god handhygiene viktig. Men det mest effektive er å vaksinere seg. Folkehelseinstituttet distribuerer 400 000 dosar med vaksine.

Det er nokre grupper som særleg blir råda til å vaksinere seg. Det er personar over 65 år, gravide frå 12. svangerskapsveke, bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim.

Barn og vaksne med desse sjukdommane: diabetes type ein og to, kronisk luftvegssjukdom, kroniskhjarte- og karsjukdom, kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett infeksjonsforsvar eller svært alvorleg fedme (dvs BMI over 40).

Saniteten stiller med kaffi og kake.