Arrangementet vert til på dugnad, og rundefolket har mykje å by på også denne gongen.

– I fjor vart det av ulike årsaker ikkje halde Rundedag, men no er vi klare til å halde fram der vi sleppte, fortel leiar i Runde grendalag, Olav Johansen Runde.Det er Runde Grendalag og Runde Kvinne- og familielag som står som arrangørar av dagen, og heile bygda stiller opp på dugnad for å få arrangementet i hamn. Etter ei fartstid på åtte år, har fleire programpostar vorte som tradisjon å rekne. Samstundes er der også nye innslag, og ein finn mykje god underhaldning for både store og små.

Salsbuer, hoppeslott og kaptein Svarteborg

– Vi vil mellom anna ha mange ulike salsboder, tombola og kunstutstilling med lokale kunstnarar. For dei minste vert det eigen leikekrok med hoppeslott og fleire ulike aktivitetar. Her vil det vere folk til stades for å passe på. Vi ser dessutan ikkje vekk frå at kaptein Svarteborg stikk innom, fortel leiar i Runde Kvinne- og familielag, Randi Goksøyr.  Mange er interesserte i å selje varene sine på Rundedagen, så her vert nok noko for ein kvar smak. Runde og Goksøyr kan fortelje at mange seljarar allereie har meldt seg på. I tillegg stiller Runde blandakor velvillig opp med flott korsong.

Fiskesuppe,  pølser og kaffi

– Dessutan vert det ein rikhaldig kafé med sveler og godt over 30 heimelaga kaker. Ein får også kjøpt nydeleg fiskesuppe og pølser med brød, fortel Goksøyr.Røynde husmødrer står bak fiskesuppa, så det borgar for høg kvalitet.

Historisk spel

For mange er gjerne det historiske spelet ”Sogå om Rondagolljet” eit høgdepunkt denne dagen. Igjen er det rundingane sjølve som står bak – denne gongen som skodespelarar.– Spelet er basert på segner og historier frå øya. I tillegg prøver vi å få med hendingar frå nyare tid – gjerne med ein liten vri. Her vert det både humor og alvor, lovar Runde.Så lenge det har vore arrangert Rundedag, har vêret vist seg frå si beste side denne dagen. I tillegg til triveleg stemning, spanande underhaldning og god mat, kan altså Runde og Goksøyr nærast garantere godt vêr også.