Ein mann frå Hareid var i februar ute på ein ulovleg køyretur. Om kvelden var han gjest ved to spisestader i Hareid sentrum, og begge stadene drakk han øl. Deretter køyrde han heim.
Men politiet hadde fått tips, og stod og venta på han då han kom køyrande heim.
Mannen vart køyrd til Ørsta lensmannskontor det det vart tatt utåndingsprøve som viste ei påverking målt til 0,7 milligram per liter luft.
Saka var oppe i Sunnmøre tingrett, og mannen har tilstått utan noko atterhald.
Dommen vart på 21 dagars fengsel, 72.000 kroner i bot og tap av førarkortet i to år.