Førstkomande tysdag skal Ulstein formannskap ta stilling til om Ulstein kommune også tek del i prosessane rundt kommunereforma som finn stad på Nordre Sunnmøre. Rådmannen meiner det er føremålstenleg for det vidare arbeidet med kommunereforma.

Bakgrunn

Ordførarane i Ulstein og Hareid er inviterte til å vere med i prosjektgruppa "regionkommune Ålesund". Det er frå før 11 kommunar med i prosjektgruppa: Ålesund, Haram, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Norddal, Giske, Sykkylven, Ørskog og Sandøy.

Målet til prosjektgruppa er å gjennomføre ein reell kommunereform i regionen som gir meirverdi til samfunnet, ikkje berre ei samanslåing av eksisterande kommunar til ei større. Føremålet med prosjektgruppa er å utgreie om dei kan skape ein heilt ny kommune med nye og framtidsretta politiske og administrative styringsprinsipp, system og organisasjonsformer som er eigna for nye utfordringar i framtida.

Prosjektgruppa i Ulstein kommune har kome godt i gang med utgreiingsarbeidet vedkomande kommunereforma for Søre Sunnmøre, og har delteke i prosessar med dei andre seks kommunane på Søre Sunnmøre, men rådmannen meiner Ulstein ikkje vil tape på å tenkje breiare i denne prosessen.

Såg lyset i Danmark

Til Sunnmørsposten seier ulsteinordførar Jan Berset at han såg lyset under studieturen til Danmark. Han finn gode grunnar til å sjå nordover mot Ålesund, og det har ingen ting å gjere med at han opphavleg er derifrå.

– Men eg ser stadig klarare at dei sentraliseringskreftene som no rir landet vert av dei absolutt største utfordringane for oss i distrikta, seier han til Sunnmørsposten og håpar han får med seg formannskapet på desse tankane.