Rådmann Bent Arild Grytten har vore rådmann i Hareid sidan 2010. Stillinga er på seks års åremål, og går følgjeleg ut neste år. Men i samsvar med kontrakten skal partane, Hareid kommune og Grytten, avklare eit år i førevegen om stillinga skal forlengast.
For ei tid tilbake gjorde formannskapet vedtak om å be forhandlingsutvalet kome med ei tilråding og avklaring av åremålsstillinga til rådmannen. Og saka skulle oppe i Hareid formannskap 23. april, og deretter vidare til kommunestyret same dag.
Sjukmeld
Men saka fekk ein ny vri. For før formannskapsmøtet varsla Bent Arild Grytten via e-post at han ikkje vil forlenge åremålet.
Forlenging av åremålet vart følgjeleg trekt frå sakskartet både i formannskapet og kommunestyret.
Grytten er no sjukmeld.
Hareid kommunestyre vedtok torsdag 23. april å delegere til formannskapet å peike ut fungerande rådmann i Bent Arild Grytten sitt sjukefråvær.
Hareid formannskap skal i dag, måndag, kome saman for å konsitutere ein fungerande rådmann.
- Situasjonen er krevjande, og vi reknar med at vi i første omgang kjem til å konstituere ein rådmann frå eigne rekker, kommenterer ordførar Anders Riise.
- Når det er gjort, kjem vi til å starte prosessen med å avklare ei retrettstilling til Grytten. Noko som han har rett på etter Hovudavtalen, sidan han blir 60 år i år. Deretter må vi lyse ut rådmannsstillinga, seier Riise.
Ikkje vurdert felles rådmann
- I desse kommunereformtider. Kan det bli aktuelt med felles rådmann for Hareid og Ulstein?
- Det har eg ikkje tatt noko stilling til. Det var vore prøvd nokre stader, utan særleg hell, svarer ordføraren.
På Ytre Søre Sunnmøre er det per i dag berre Ulstein som har rådmann i fast stilling. I Herøy er Olaus Jon Kopperstad konsitutert etter at Erlend Krumsvik slutta, og i Sande skal Asbjørn Moltudal snart over til ei stilling i Ålesund kommune.