Ved utgangen av september 2017 fekk om lag 13.900 personar yting frå folketrygda som einsleg mor eller far. Nedgangen er noko mindre frå 2016 til 2017 enn frå 2015 til 2016.

Nav antar at nedgangen i hovudsak kjem av endringar i regelverket dei siste åra.

Det vart utbetalt overgangsstønad til 12.200 mottakarar.

Stønad til barnetilsyn og stønad til tilsyn for barn og andre familiemedlemmer vart til saman utbetalt til omtrent 3.500 personar i september 2017, omtrent på same nivå som fjoråret.

Ein ny analyse viser at det er stadig færre som får ytingar frå Nav. Spesielt blant unge har støtta falle rundt 40 prosent på 23 år.

I Navs nye arbeidsmarknadsprognose anslår etaten at også nedgangen i talet på registrerte arbeidsledige vil fortsette og at sysselsettinga vil vekse dei nærmaste åra.