Øvst på agendaen står målet om å få tilsett ein ungdomsarbeidar.

Ungdomskaféen er open kvar fredag og er no godt besøkt. I tillegg har Hareid ungdomsråd møte anna kvar veke, og også der er oppmøtet blant dei 15 medlemene godt.

Ungdomskaféen er eit tilbod frå 8. klasse og oppover.

– Det er viktig å ha eit rusfritt tilbod til ungdom. Vi har diskorom og prosjektor der vi kan vise filmar. Men først og fremst er kaféen tenkt som ein sosial møteplass for ungdom. Det er kjekt å ha ein plass å møtast, seier Thea Myrvold, leiar i Hareid ungdomsråd.

Hareid treng ein ungdomsarbeidar

Marthe Hansen sit som ein av ni medlemer i Ungdomspanelet for Møre og Romsdal.

– Vi synest det er dårleg at Hareid har fått ein representant i Ungdomspanelet, men at kommunen ikkje har ungdomsarbeidar. Det har vi tenkt å gjere noko med, fortel Hansen.

Myrvold og Hansen har alt starta innsatsen for å få ein ungdomsarbeidar, helst i kombinasjon med utekontakt. Dei har vore i Hareid kommunestyre og bore fram meininga si, dei har snakka med ordførar Anders Riise, og dei har sendt brev om saka til kommunen.

– Vi håper forslaget vårt om ungdomsarbeidar/utekontakt går gjennom i kommunestyret. Viss ikkje, må vi setje Ungdomspanelet på saka, kommenterer Marthe Hansen.

Ein ungdomsarbeidar skal blant anna vere ein administrator som kan hjelpe til med å skrive søknader, førebu og skrive saker, passe økonomien og hjelpe til med å drive ungdomsklubben.

Forslag til Ungdommens Kulturpris

I fleire år har det i Hareid kommune blitt delt ut ein Ungdommens Kulturpris til ein ungdom eller ei ungdomsgruppe som har utmerkt seg. Prisen skal i år delast ut under den lokale Ungdommens Kulturmønstring i Ulsteinvik 26. januar. Folk må kome med forslag på kandidatar frå Hareid innan 10. januar. Med i nemnda som skal plukke ut vinnaren er ein representant frå Hareid ungdomsråd, kultursjef Oddbjørn Grimstad og ein representant frå Sparebanken Møre Hareid.

Kandidatane må vere under 23 år.