Stadig fleire ønskjer å verte ingeniørar, syner søkjartala til høgare utdanning. Teknologiske fag er mellom dei utdanningane som aukar mest i høve til i fjor, noko som lovar godt for behovet for ingeniørar i åra framover.

– For oss i byggjebransjen er dette ei gledeleg utvikling, meiner administrerande direktør i Spenncon, Ingrid Dahl Hovland som fortel at søkjartala veks i takt med behovet for slik kompetanse i næringslivet.

Klar trend

I følgje Samordna opptak har det i 2013 vore ein auka på sju prosent i talet på søkjarar til ingeniørutdanninga. Samla sett har søkjarar til teknologiske fag hatt ein auke på heile 68 prosent sidan 2008.

– Regjeringen har satsa systematisk på realfag over fleire år. Samfunnet treng ingeniørar og andre med realfagskompetanse, difor er det veldig bra at så mange unge søkjer seg til det, seier Kristin Halvorsen i ei pressemelding på Kunnskapsdepartementets sine nettsider.

Nye vegar

Nyutdanna ingeniørar kan ha mange jobbar å velge mellom. Lærligeordningar gir praktisk erfaring ved sida av utdanninga, noko som er ein styrke for ingeniørfaga.

Ingrid Dahl Hovland meiner at interessa for ingeniørfag må vekkast tidleg hos elevane. Ho har tru på at den lærlingeordninga Spenncon kan tilby vil ha ei positiv effekt på rekrutteringa av nye fagfolk.

– Vi ønskjer å gje fleire unge tilgang til ingeniørfaget og samstundes syne kva bransjen har å tilby. Spenncon har ei lærlingeordning som er meint å vekkje interesse for ingeniørutdanninga. Norske ingeniører er ettertrakta og vert tilbydde spanande og varierte jobbar frå øvste hylle. Difor er det ekstra hyggeleg at dei fleste av lærlingane våre kjem tilbake til oss etter endt utdanning, sier Hovland.