Oljeplattformen "Island Innovator", som ligg ved kai på Hanøytangen på Aksøy i Hordaland, tok natt til fredag inn vatn. Difor er anlegget evakuert. Det skriv Bergens Tidene fredag morgon.

No i morgontimane har dei fått kontroll på stabiliteten til plattforma. Kommunikasjonssjef Gisle Johansen i Odfjell Drilling, opplyser til NTB at dei framleis jobbar med å få tetta lekkasjen.

Politiet fekk melding om lekkasjen klokka 4.30 fredag morgon.

Island Offshore i Ulsteinvik er hovudaksjæer for plattforma "Island Innovator".

Vakna til dramatikk

Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management våkna til dramatiske meldingar i dag tidleg.

Han uttaler til smp.no at dei følgjer utviklinga tett frå hovudkontoret til Island Offshore i Ulsteinvik, men at leiinga der ikkje er direkte involverte i bergingsarbeidet i Bergen.

Det er Odfjell Drilling som har mangementavtalen, og Island Offshore vil ikkje forstyrre arbeidet som pågår, seier Ulstein til smp.no

LES OGSÅ:

* Då riggen vart døypt