Turnarar frå heile landet deltok i konkurransane for kvinner og menn. Arrangør var Bergens Turnforening. Jentene konkurrerte i dei fire apparata bom, hopp, skranke og frittståande. Gutane konkurrerte i frittståande, hopp, ringar, bøylehest, svingstang og skranke.
Sølvmedalje til gymnast frå IL Hødd
Kristina Eiken Fosse frå Hødd turna laurdag i kl. 1 (13-14 år). Etter tre Norgescup-konkurransar var ho nummer fire sammenlagt i si klasse. Om lag 45 gymnastar har deltatt i denne klassa i 2012. Denne laurdagen skulle dei seks beste gjere opp seg imellom om den endelege plasseringa.
Kristina turna jamt godt i alle apparata og blei nr 2 i denne konkurransen og nr 2 samanlagt i Norgescupen. Ein sterk prestasjon i ein klasse der nivået er svært høgt.
Søster Marit Eiken Fosse turna Norgescupfinale i kl. 2 (15-16 år) og blei nr 5 samanlagt.
Møre og Romsdal turnkrins vann bronsemedalje i Norgesfinalen for krinslag
Laurdag blei det arrangert Norgesfinale for krinslag. Møre og Romsdal Gymnastikk og Turnkrins stilte med jentelag. Fleire av jentene på laget kan vise til gode resultat nasjonalt dette året, og mange var spente på korleis laget ville hevde seg blant dei beste gymnastane i Noreg.
Møre og Romsdal Gymnastikk og turnkrins deltok med 6 jenter; to turnarar frå Molde, to frå IL Hødd (Marit Eiken Fosse og Kristina Eiken Fosse), ein frå Hareid IL (Helene Kvalsund) og ein frå Kristiansund Turnforening.
Målsetjinga i år var å ta medalje ettersom laget vart nr. 4 i fjor. For at krinsen skal ha fullverdig lag krevst det at laget har to gymnastar i kl. 1, to gymnastar i kl. 2 og ein gymnast i kl. 3. Møre og Romsdal sitt lag turna jamt bra og vart til slutt nr. 3 - om lag 2 poeng bak Hordaland på 2.-plass. Oslo og Akershus vann.
Bronsemedaljen kan kretsen være godt nøgd med, og resultata viser at det blir jobba godt med apparatturn i fylket. Med 3.-plass i lagkonkurransen er Møre og Romsdal Turnkrins framleis i pulje to, i seeda pulje. Dette betyr at dei også neste år får turne saman med dei beste laga.
1 gull og 2 bronsemedaljar til gymnastar frå Hødd i apparatfinalane
Dei seks beste turnarane i kvart enkeltapparat fra laurdagen kvalifiserte seg til finalar i enkeltapparat på søndagen. Jenteturnarane frå Møre og Romsdal klarte å kvalifisere seg til 12 finaleplassar. 8 av desse tolv plassane gjekk til gymnastar frå Sunnmøre:
Marit Eiken Fosse frå IL Hødd kvalifiserte seg til finale i hopp og bom. Marit måtte stille i kl. 3 (17 år og eldre) og konkurrere med dei som er to år eldre enn henne for at kretsen skulle ha fullverdig lag.
Kristina Eiken Fosse kvalifiserte seg til finale i bom, frittståande og skranke kl. 1 (13-14 år).
Helene Kvalsund frå Hareid kvalifiserte seg til finale i hopp, bom og frittståande i kl. 2 (15-16 år).
I klasse 1 fekk Kristina Eiken Fosse fra Hødd gull i skrankefinalen. I tillegg blei ho nr 4 i bom med to fall. Ho hadde håp om medalje også i bom, men måtte då ha turna nærast feilfritt.
Marit Eiken Fosse frå Hødd IL fekk 3.-plass i hopp og 3.-plass i bom i kl. 3 (17 år >).
Dette er svært gode prestasjonar i ei idrettsgrein som i stor grad blir dominert av det sentrale Austlandsområdet, der dei har profesjonelle trenarar innleigde frå nasjonar som hevdar seg internasjonalt i turn. Møre og Romsdal turnkrins kan sjå tilbake på 2012 som eit godt turnår.
Norgesfinalane i Bergen var dei siste konkurransane i år. Turnarane går no inn i ein periode med mykje basistrening og innøving av nye element, før neste års konkurransar startar opp med Norgescup i Trøgstad i midten av mars. Det ligg mykje trening bak for å hevde seg på dette nivået, og i denne perioda fram til neste konkurranse har dei beste gymnastane minst 250 timar med trening fram føre seg.