Vibe sluttar seg til Hødd-troppa når dei reiser til Tyrkia på ein 10-dagars treningsleir komande laurdag.

Hødd opplyser at Vibe har signert ut 2015.

- Både Tobias, Hødd og FK Senja er godt fornøgde med at avtalen er på plass,forsikrar Hødd i ei pressemelding.

Tobias Nygård Vibe er opprinneleg frå Lødingen og har vore ein av tre stopparar som Hødd har hatt i kikkerten etter at både Fredrik Klock og Ørjan Engen Grimstad forlet kubben etter siste sesong.

Frå før har Jesper Törnqvist (ex Alta) falle på plass. Og no er altså Vibe på veg.