Det melder Vestlandsnytt. Dei opplyser vidare at fylket er med på planane, og at det no vil verte starta forhandlingar med miljøstyresmaktene om den delen av vegen som har innverknad på vernesona rundt Myklebustvatnet. - For oss er dette ei viktig gjennombrot, utdjuper Goksøyr. Likevel har fylket berre løyve til å godkjenne ein del av planen. Veglina langs Myklebustvatnet har dei sentrale miljø- og naturstyresmaktene ansvar for. - Det har vorte signalisert at prosjektet må ha nasjonal interesse før styresmaktene kan lempe på vernet rundt vatnet. Dei meiner vi innfartsvegen, som riksveg, har, avsluttar Goksøyr.