Dagleg leiar Olav Kvalsvik, har akkurat måtta kansellert ein konsert ved Herøy kulturhus. Vokalgruppa Pitsj trekte ikkje nok folk fredag 5. desember, og arrangementet vart innstilt. – Eg veit ikkje kvifor herøyværingane ikkje hadde lyst å kome til denne konserten, men det var i alle fall så få førehandsselde billettar at vi måtte avlyse. Kvalsvik understrekar at det er det einaste kulturarrangementet som har blitt avlyst på grunn av laber interesse i år, sjølv om det ikkje alltid har vore fullt hus. Kvalsvik merkar konkurranse med nabobygdene. Både Ørsta og Ulsteinvik har kulturhus som stiller med lokkande program. Herøy kulturhus har også rukke å bli 30 år gammalt. Det samanleggbare amfiet er kanskje ikkje like topp moderne lenger. – Det er klart at det har skjedd ein del endringar når det gjeld lokalitetar på desse 30 åra. Dei nybygde og meir moderne kulturhusa har ein fordel der. På den andre sida viser Kvalsvik til at Herøy har eit pré ved å vere eit mykje større kulturhus enn det i Ulsteinvik. – Vi såg gjerne at vi fekk forandra litt på kulturhuset i Herøy, men med dei dårlege tidene i vente, er vel det ikkje så realistisk. Kvalsvik tru elles ikkje at folk blir skremde bort frå arrangement fordi dei ser på nettsidene at det er få billettar som er selde. – Eg har høyrt det nemnt, men eg synest det er litt søkt. Det finst kanskje nokre sauer som må ha ein bjellesau som må gå først, men eg trudde at folk i dag var meir sjølvstendige enn som så.