Lidbjørn Vattøy (KrF.) fekk saka opp som ekstrasak under kommunestyremøtet førre torsdag. Resultatet vart at han fekk inn protokolltilførsel til referatet frå ekstraordinær generalforsamling i Ulstein kommunale ølutsal som vart halde 30. juni i år. Bakgrunnen for harmen til Vattøy er at det i referatet står at "I debatten i etterkant av presentasjonen blei det presisert at det gamle styret må ta ansvar for at ein har kome i den situasjonen ein er komen opp i med blant anna tidsnaud med å finne nye lokale." Men dette vil ikkje den tidlegare styreleiaren ha hengande på seg. Og frå talarstolen i kommunestyresalen kom Vattøy med ei forklaring på kva det tidlegare styret hadde gjort i saka. Han opplyste blant anna at det under generalforsamlinga i 2007 vart sett fram ønske frå forsamlinga om at dei dåverande lokala til ølutsalet måtte pussast opp, og at styret møtte prøve å redusere husleiga. Ho var vesentleg høgare enn på Hareid, og reduksjon var noko av det einaste som kunne gjerast for å auke overskotet. – Styret tok tak i dette straks etter generalforsamlinga. Huseigar fekk i oppdrag å kome med ein plan, som han seinare la fram. Planen gjekk i grove trekk ut på at huseigaren skulle redusere butikklokalet og stå for oppussing. Men ifølgje Vattøy ville huseigar vente med oppussing til han var sikker på at det vart vidare drift av ølmonopolet. Fann rimelegare lokale – Då saka om vidare drift var avklara, og styret ville sette tiltaket i gang, var huseigaren sterkt i tvil om kva han skulle gjere. Han valde då å seie opp avtalen med Ulstein kommune om utleige til Ulstein kommunale ølutsal. Styreleiar sette då omgåande i gang med å skaffe nye lokale, og tok kontakt med Jostein Hareide som er eigar av lokala i nabobygget. Styret, saman med dagleg leiar var på synfaring, og kom til at lokala var godt eigna, og husleiga skulle bli vesentleg mindre. Ifølgje Vattøy hadde han fått munnleg avtale om leige, og Hareide hadde akseptert leigekontrakten. Vattøy er lite tilfreds med at det i same referatet frå den ekstraordinære generalforsamlinga også blir drege i tvil om styret hadde kontroll på økonomien framover. – Ulstein kommunale ølutsal har gått med overskot kvart år og har tilbakeført Ulstein kommune framimot 2 millionar kroner dei åra ølmonopolet har vore i drift. Budsjettet for 2008 viser også at vi ville gå i pluss, og styret hadde gjort tiltak som generalforsamlinga hadde sett fram ønskje om for å ned utgiftene, kommenterer Vattøy. Han opplyser at det tidlegare styret også drøfta om det var mogleg å flytte til eit kjøpesenter, men konklusjonen var at det vart for dyrt. Det gjeld å ikkje flyge høgare enn ein har venger til. – At generalforsamlinga for Ulstein kommunale ølutsal bestemmer at ølmonopolet skal flytte inn i eit kjøpesenter utan på førehand å få eit kostnadsoverslag på kva dette vil koste, er ikkje det gamle styret sitt problem, slo Vattøy fast – og fekk protokolltilførsel. Spår snarleg konkurs I samband med ei anna sak under kommunestyremøtet, plan for selskapskontroll, hevda Håkon Waage (H) at Ulstein kommunale ølutsal kom til å leggje ned, bli slått konkurs, i løpet av våren, og at det derfor hadde passa godt med eigarskapskontroll av denne bedrifta.