Kommunane vert oppfordra til å ta ansvar for å opprette asylmottaksplassar og å busetje 18.000 flyktningar i 2016.

– Utfordringane er store og krev fleire tiltak og felles mobilisering. Vi må både arbeide for å redusere mengda som kjem, men samtidig klare å gi tak over hovudet til dei som kjem. Derfor er eg svært glad for at kommuneorganisasjonen KS ser alvoret i situasjonen og oppfordrar medlemmene til ei felles mobilisering for å klare å ta imot flyktningane på ein god måte, seier statsminister Erna Solberg.

Kommunal innsats avgjerande

Talet på personar i mottak i Norge har auka frå cirka 13.500 til over 27.000 hittil i år, og asyltilkomstane vil sannsynlegvis halde fram.

– Situasjonen i det norske mottakssystemet kan no karakteriserast som ei krise. Kvar einaste dag treng om lag 350 menneske, nykomne til Noreg, ein stad å bu. Klarer vi ikkje opprette nye mottaksplassar i tråd med behovet, risikerer vi at nye asylsøkjarar blir ståande utan tak over hovudet, seier Solberg.

Av dei 18.000 flyktningane som må få ein stad og bu neste år, er 3.000 overføringsflyktningar og 4.400 einslege mindreårige.

Utlendingsdirektoratet (UDI) lyser ut anbod på 30.000 nye mottaksplassar for å møte behovet. Det vert arbeidd med etablering av større innkvarteringsløysingar for asylsøkjarar i tilknyting til enkelte byar.

– I neste runde vil det også bli ei stor utfordring å busetje og integrere både vaksne og mindreårige flyktningar som får opphald i Noreg. Dei skal ta del i samfunns- og arbeidslivet vårt. Innsatsen til kommunane er avgjerande for den enkelte flyktning og for samfunnet, seier Solberg.