I samband med at Stortingsmelding nr. 22 – Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, tilrår fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik at det blir starta opp eit arbeid med å sjå på moglegheitene for Møre og Romsdal som del av ein større region.

- Av stortingsmeldinga går det fram at det er regjeringa sitt mål å gjennomføre kommunereforma og regionreforma samtidig, slik at både nye kommunar og nye folkevalte regionar kan tre i kraft frå 1. januar 2020. Departementet ber om at fylkeskommunane fattar vedtak innan 1. desember 2016, og skal vi få til ein god og grundig prosess, må vi få fylkestinget si tilslutning til å starte arbeidet no, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

I påvente av stortingsmelding 22, vedtok fylkestinget i desember i fjor at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke, og ikkje innleie nabosamtalar med andre fylkeskommunar med mål om å slå saman fylke og etablere større regionar. Med bakgrunn i Stortingsmeldinga er rammevilkåra endra og fylkesrådmannen legg derfor fram ei sak om dette til fylkestinget neste veke. I saka legg fylkesrådmannen fram forslag til prosess og framdriftsplan, som han ber fylkestinget slutte seg til.

Fylkesrådmannens forslag til prosess og framdriftsplan:

1.    Utgreie og ta stilling til kva fylke/delar av fylke det kan vere aktuelt å etablere ein ny, større region saman med.

2.    Gjennomføre nabosamtalar med relevante fylker/aktørar med utgangspunkt i punkt 1.

3.    Gjere formelt vedtak om ny regional struktur innan 1. desember 2016.

Skisse til framdriftsplan:

• Fylkesutval 23. mai  - sak om kva fylke det skal innleiast nabosamtalar med.

• Juni – September/oktober: Nabosamtalar med relevante fylker/aktørar

• Fylkesutval juni – skisse til opplegg for dialog med relevante aktørar i Møre og Romsdal om regionreforma.

• August – november: dialog med kommunar, regionråd, NHO, LO, næringsforeiningar, frivillig sektor, akademia mm. om regionreforma. Hensikta med dialogen er både å få inn synspunkt frå aktørane på kva dei meiner er beste løysinga for Møre og Romsdal samt belyse spørsmål som er aktuelle å utgreie i saka.

• Fylkesutval november – sak om ny regionstruktur.

• Fylkestinget i desember - sak om ny regionstruktur.