Hareid kommune har fått ein skikkeleg "makeover". På internett, altså.

Fleire kommuner

Tidlegare i år fekk vi opplyst at fleire kommuner på søre Sunnmøre skulle få oppussa nettsider til seinsommaren eller hausten. Kommunane Hareid og Vanylven er dei første som får prøvekøyre sine topp moderne nettsider.

Mykje kan tyde på at nettsida er tilpassa mobilar og nyare datamaskiner med berøringsskjermar. På hovudsida, den første sida du kjem til når du går inn på Hareid kommune si heimeside, har store knappar som gjer at du kan velje mellom sjølvbetjening, politikk og val, omsorg, trygd og sosiale tenester, bustad og eigedom, born og familie, skule og utdanning eller kultur, idrett og fritid.

Layouten er monaleg endra, og det tek tid å finne fram i det nye systemet. Dei viktigaste snarvegane finn du likevel i botnen av sida.

Fleire kommunar skal etter kvart over på den nye webløysinga. Med det vi kjenner til står både kommunane Ulstein, Herøy og Ørsta på denne ventelista.