Salmar Organic AS ynskjer å etablere eit marint akvakulturanlegg for produksjon av laks i Brandal. Plassen dei ønskjer er tenkt litt lenger nord og aust for tidlegare godkjent lokalitet (Branco). Ifølgje Hareid kommune si nettside fell den nye lokaliteten delvis utanfor eksisterande godkjend sone til denne type aktivitet.

Må ha dispensasjon

Før selskapet kan starte den generelle søknadsprosessen må lokaliseringa avklarast i høve kommuneplanen gjennom dispensasjonsbehandling.