Ulstein sokneråd føreslo i fjor haust å byggje eit nytt kyrkjebygg på Vik kyrkjegard. Framlegget vekte så sterke reaksjonar, at dei sette ned ei prosjektgruppe for å sjå på alternative tomter.

Gruppa har evaluert til saman 20 moglege lokaliseringar innafor sentrum i Ulsteinvik, inkludert Eidet, dei øvre bustadområda og Halsesvingen. Dei er enda opp på tre alternativ: Store Vikholmen, Oshaugflata og Holsekerdalen, men førebels ikkje konkludert.  Desse tre alternativa blir vurdert i lag med tidlegare føreslege utviding av eksisterande kyrkje.

Saka blir lagt fram for kommunestyret i haust, der dei skal ta den endelege avgjerda.