Måndag kveld gjennomførte Sunnmøre politidistrikt ein trafikkontroll i Ulsteinvik.
Der vart 50 køyretøy kontrollerte og politiet enda opp med å dele ut gebyr til tre førarar som ikkje nytta bilbelte.
Det vart også delt ut to forenkla førelegg til personar som snakka i mobiltelefon medan dei køyrte.