Teknisk utval i Ulstein vedtok samrøystes at dei vil stenge Bakkegata mellom Prost Ankers gate og avkøyrsla til Ulstein ungdomsskule. Dette er i samsvar med alternativ 2 som vart sendt på høyring tidlegare i sommar. Dette framlegget blir sendt på høyring til regionvegkontoret. Om dei godkjenner tiltaket set kommunen opp følgjande skilt som skal stå i skuleåret 2016–2017 (kring 20. august 2016 til 20. juni 2017:

Skilt «306.1 Forbode for motorvogn» i Bakkegata ved krysset mot Prost Ankers gate og like aust for avkøyrsla til parkeringsplassen til ungdomsskulen. Det skal vere underskilt med tekst: «08.10-08.40 måndag-fredag» «Gjeld ikkje buss».

Teknisk utval ber administrasjonen vurdere merking av fortauslinje og gangfelt.

Utvalet var på synfaring til området før dei gjorde vedtak.

Både FAU ved Ulsteinvik barneskule og politiet meinte at alternativ 1 var best, men kommuneadministrasjonen og politikaren meiner alt. 2 er best. Det alternativet hindrar mesteparten som går forbi, sidan trafikken kjem frå oppsida. Parkeringsplassen ved ungdomsskulen vil vere open, og kunne brukast som ei rundkøyring, som han var tenkt til. Der er litt smal innkøyring, så kommunen vil auke breidda på innkøyringa med om lag ein meter for å betre tilhøva.