Her vert det mellom anna lagt fram forslag til forhandlingsutval og mandat for å avklare premissar og føresetnader for nabosamtalar med fylka Sogn og Fjordane, Sør- og Nord-Trøndelag og Oppland.

I saksframlegget peikar fylkesrådmannen på at både nord og sør for oss er dei i gang med nabosamtalar.

- Arbeidet med regionreforma har kome lenger i nabofylka, og sidan vi kjem relativt seint inn i desse prosessane, vil mange premissar for vidare arbeid kunne kome opp undervegs. Vi i Møre og Romsdal  må truleg ta stilling til ulike strategiske spørsmål nokså raskt, og det er derfor viktig at vi legg opp til eit relativt lite forhandlingsutval for å svare ut kravet om fleksibilitet, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Prosessen er kome lenger i Trøndelag

Han viser til at prosessen er komen vesentleg lenger i Trøndelag, der det er vedtak om å søkje stortinget om å slå saman dei to fylka med verknad allereie frå 1. januar 2018. - Vi har ikkje mottatt nokon formell førespurnad om nabosamtaler med Trøndelagsfylka, og eg vurderer det slik at nabosamtalar berre med Sør-Trøndelag er lite relevant. Eventuelle samtalar må gjerast med eit samla Trøndelag, seier Guttelvik.

På Vestlandet er ein ikkje kome like langt i prosessen, og her har Møre og Romsdal fylkeskommune mottatt formell førespurnad om å delta. Det kan, etter fylkesrådmannen si vurdering, likevel vere relevant å avklare med Sogn og Fjordane om separate nabosamtalar er aktuelt. Eventuelle nabosamtalar med «konstellasjonen» av Vestlandsfylker er også naudsynt å avklare, sjølv om fylkesrådmannen ser det som lite aktuelt, etter vedtaket i førre fylkesting.

Forhandlingsutvalet må også vurdere behovet for kartlegging av synspunkt på ulike alternativ, blant kommunar, næringsliv, interesseorganisasjonar og befolkning.

I saka vert det lagt opp til eit lite forhandlingsutval og ei brei referansegruppe for å sikre politisk forankring utan å måtte vente på formell saksbehandling i fylkesutval/fylkesting.

Opnar for nabosamtalar

Dersom forslaget blir vedteke i fylkesutvalet, vil forhandlingsutvalet bestå av fylkesordførar Jon Aasen (Ap), fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V), ein representant frå opposisjonen og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik (sekretær). Fylkesutvalet blir referansegruppe for arbeidet.

Det blir med eit slikt vedtak opna for nabosamtalar for å avklare handlingsrom i regionreforma, slik det er lagt opp til i stortingsmeldinga.

Mandatet til forhandlingsutvalet er å avklare premissar og føresetnader for nabosamtalar med fylka Sogn og Fjordane, Nord- og Sør- Trøndelag og Oppland.  Etter ein avklaringsrunde, skal forhandlingsutvalet vurdere om det er grunnlag for å gå vidare til reelle nabosamtalar.

Fylkesordordføraren får mandat til å gjennomføre ein slik avklaringsrunde. I tilfelle der det er klare føringar frå nabofylka for å gå inn i nabosamtalar, skal vidare samtalar bli avklart med referansegruppa, heiter det i forslaget til vedtak.