Den 19. mai er det folkerøysting om kommunesamanslåing. Medan innbyggjarane i Hareid har to samanslåingsalternativ, har innbyggjarane i Ulstein eitt.

Lik Vikebladet.no på Facebook

Røystesetelen ved folkerøystinga om kommunereform får truleg denne teksten:

«Eg vil at Ulstein skal danne ein ny kommune saman med Hareid, Herøy. Sande og Vanylven.

Eg vil at Ulstein skal halde fram som eigen kommune.

Eg veit ikkje.»

Den som røystar har berre lov til å setje eitt kryss.

Ikkje andre alternativ

Grunnen til at røystesetelen blir utforma slik er at Ulstein kommune berre har signert ein intensjonsavtale.

Det er ikkje forhandla fram andre avtalar som innbyggjarane kan velje.

LES OGSÅ: Blir høve til å røyste "Veit ikkje"

Valstyret skal ha møte førstkomande tysdag der dei skal vedta tekst til røystesetelen. Valstyreleiar Knut Erik Engh meiner teksten dei vedtok i februar var for uklar.

Førehandsrøystinga tek til alt 18. april.