I tillegg til designprisen tok “Frost” 2.-plass i kåringa av beste “teknologiske innovasjon” og “øko-vennlighet”. - Vi fekk utruleg gode tilbakemeldingar både frå dommarane, det tekniske personalet og andre deltakarar, fortel Christian, som no er i ferd med å runde av eit tre-årig batchelor-studium i industriell design ved Høgskulen i Østfold. 7. mai reiste eit lag frå Høgskulen i Østfold og eit lag frå NTNU i Trondheim sørover for å konkurrere med over 200 andre miljøbilar frå heile verda. - Vi konkurrerte i to ulike klasser. “Frost” deltok i klassa “urban consept”, d.v.s. “bybilklassa”. Den andre klassa - “prototypklassa” hadde vidare rammer - og bilane kunne ha både tre og fire hjul. 155 KM PÅ 1 LITER BENSIN Ei viktig side med Shell Eco Marathon er å få fram bilar som treng lite drivstoff. Derfor vart det halde tre løp der bilane fekk teste ut kor langt dei kunne køyre på drivstoff tilsvarande 1 liter bensin. Christian fortel at dei kom seg 87 kilometer av garde på 1 liter 95-oktans bensin i det første løpet. - Vi køyrde veldig “safe”, fordi vi først og fremst var ute etter designprisen. I tillegg var vi plaga med ei dreivreim som stadig glapp. For å motvirke det måtte vi halde eit jamnt høgt turtal - og det vart ikkje noko vellykka løp når det gjeld køyrelengd, slår Christian fast. “Frost” stod over løp nr. 2 fordi Christian & Co ønskte å fikse ei del ting på bilen. I staden stilte dei i løp nr. 3 med ny drivreim og beltestrammar. Med dette på plass kunne dei utnytte køyreteknikken optimalt. I dette siste løpet køyrde “Frost” 155 kilometer på 1 liter bensin. - Vi fekk oppgitt 155 km i paddocken, men på resultatlista stod det 140, fortel Christian. STOPPA MOTOREN OG LET BILEN GLI Christian fortel at “optimal køyreteknikk” går ut på å køyre bilen opp i fart - om lag 50 km/t - for så å kutte ut motoren og gli utan motorkraft til farta var nede i 10-15 km/t - for så å starte og køyre bilen oppatt i fart. Slik foregjekk heile løpet - og køyre- og glilengda vart dobbelt så stor som i det første løpet. - Vi kunne gli mange hundre meter berre på den farta vi hadde. For å undersøke gli-evna til bilen, gjorde vi eit forsøk der vi dytta han opp i 10 km/t og så let han gli vidare på den farta. “Frost” gjekk over 100 meter av seg sjølv. ENKEL "JOBB-BIL" “Frost” er bygt for 1 person. Ser ein rundt i byane, så køyrer dei fleste til og frå jobb åleine i bilen. - Det vil nok vere praktisk å utvide til ein tomannsbil, seier Christian, men minner om at konseptet er “ein enkel bil å ta med på jobb”. Det skal også vere ein bil det er trygt og godt å ta seg fram med. - Kor fort kan bilen gå? - Vi kan få han opp i 70-80 kilometer i timen. Men ideelt sett jobbar motoren best på mellom 35 og 50 km/t. TIL SUNNMØRE 23. MAI Som alt nemnt kjem “Frost” kjem til Sunnmøre neste helg. Christian fortel at han har gjort avtale med Blåhuset i Ulsteinvik der bilen skal stå utstilt laurdag 23. mai. - Eg tek med bilen oppover i ein stor varebil, fortel han.
Nyhende →
Til topps i Tyskland - og no kjem miljøbilen "Frost" til Sunnmøre
Miljøbilen “Frost” - som Christian Dimmen Nesset frå Hareid er teknisk ansvarleg for - vann designprisen i si klasse under Shell Eco Marathon i Lausitz i Tyskland i forrige veke. 23. mai tek Christian med seg bilen oppover til Sunnmøre.