Om lag klokka 07.45 fekk redningsskøyta "Emmy Dyvi" melding om at eit frakteskip hadde køyrd på grunn rett utanfor ISPS-terminalkaia på Torvik i Herøy kommune.
Ventar på flo
Vidar Johannessen som er styrmann ombord i "Emmy Dyvi", fortel til lokalavisa at dei gjorde eit forsøk på å dra skipet laust frå grunnen med det same dei kom til staden. Diverre utan hell.
- Det var ingen moglegheit å dra den laus. Flo og fjøre styrer det meste under slike operasjonar. No må vi vente til floa kjem att før vi kan gjere eit nytt forsøk, fortel Johannessen.
Mellombels har dei utført dykkeroperasjonar for å få klårleik i om skipet har blitt skadd.
Vakthavande redningsleiar Edvard Middelthon ved HRS, fortel til Sunnmørsposten at det ikkje er fare for menneskeliv og heller ingen lekkasje.