Heilt sidan 1880-talet har det stått hus og stabbur på Joakimbakken i Ulsteinvik. Den første eigaren var Bernt Vik, så kom Joakim Vik, deretter ein ny Bernt Vik og til sist Bodil Vik.
I samband med utbygging av nytt vegsystem frå Amfi Ulsteinvik og opp etter Holsekerdalen, vart garden innløyst av Ulstein kommune. Og måndag starta arbeidet med å rive ned både hus og stabbur. Og igjen viser det seg at det går mykje raskare å rive ned enn å byggje opp.
Ei ny tid er komen, og eit landemerke for mange i Ulsteinvik er borte.