Alle snakkar om vêret, men det får vi ikkje gjort noko med. Vi har fem-seks telt, og har regn-caper til folk som vil ha. Så dette skal bli bra uansett, forsikrar Line Urke.

Ho håper det kjem mykje folk til festivalen, og minner om at det er tørt inne i telta.

– Men eg håper på nokre lange opphaldsperiodar, slik at familiane kan gå ute og kose seg i Ulsteinvik, legg ho til.

Vi har kleppa tak i henne for ein Laurdagsprat, men blir stadig avbrotne av at mobilen hennar ringer. Å vere leiar for Trebaatfestivalen er ingen spøk. Mange brikker skal på plass og Line må ta i bruk både tidlege morgontimar og seine kveldar for å kome i hamn med festivalen.

Årets Trebaatfestival er den trettande i rekka, og ifølgje Line den av festivalane som har flest gratisarrangement. Ho ramsar opp funballz, tur med Elias-båten, Blåtann som kjem i land frå båt og tek med seg borna til festivalteltet, der det blir gratis pølser og brus på borna.

– Og på Amfi kan ungane ri på jungeldyr, bli måla i andletet og få ballongsverd. Og så blir det gratis trylleshow med Miss Aurora frå Ålesund, og eit spektakulært flyboardshow i hamnebassenget på dagtid fredag og både på dag- og kveldstid laurdag. Med lys til om kvelden blir det nesten som nyttårsaftan laurdag kveld i Ulsteinvik, reklamerer ho.

Line er svært iherdig til å understreke at Trebaatfestivalen i Ulsteinvik på ingen måte er eit einmannsverk.

– Trebaatfestivalen er dugnad, påspandert av ganske mange usynlege sjeler. Det er mange små og store firma som gir midlar til festivalen, og her er mange folk som brukar av tida si. Det hadde ikkje blitt nokon Trebaatfestival utan dei frivillige, understrekar Line.

Trebaatfestivalen vart starta i 2005 av blant andre Tom Henrik Muggerud (no Nevstad) og Karl Johan Barstad. «Ullaholm»-gutane heldt det gåande i mange år, men i 2015, då festivalen fylte ti år, trekte dei seg ut. Då hadde Regionavisa, eigd av Line Urke og Hugo Antonsen, vore generalsponsor i fleire år.

– Viktig å ta vare på historia

No er det tredje året på rad at Line Urke og ektemannen Hugo Antonsen står ansvarlege for gjennomføringa av festivalen.

– Kvifor vel du å bruke så mykje tid på å skipe til denne festivalen?

– Eg har ikkje peiling, svarer ho først, men etter å ha tenkt litt, blir ho litt meir utdjupande:

– Trebaatgutta la eit fantastisk grunnlag, og eg synest det er viktig at det skjer noko her ute på holmane våre. Eg er ingen sjøulk, og heller ikkje spesielt interessert i gamle trebåtar, men eg synest det er viktig at kulturen og historia blir tatt vare på. Det er kjekt når mykje folk er samla, og eg trur festivalen betyr noko for folk. Dessutan blir det klingande mynt i kassa, både for butikkdrivarane og andre som sel varer, smiler ho.

Litt crazy ektemann

Line og ektemannen Hugo møttest i Dagbladet i 1987. Ho var sekretær i sentralredaksjonen, han var journalist på sporten. Line meiner mannen kan vere litt crazy, og fortel om den gongen han på ei kro nede i Mellom-Europa vedda på at Marianne Dahlmo kom til å vinne verdscupen det året. Viss Brit Pettersen vann, ville han hoppe i Holmenkollen. Pettersen vann, og Hugo vart nøydd til å hoppe i pausen under Hollmenkoll-søndagen. I heisa opp møtte han Eddie the Eagle (Eddie Edwards) som spurde Hugo kva han var tenkt seg til med. Då han fekk svaret klapsa Eddie the Eagle han på skuldra og sa «you are crazy».

Det høyrer med til historia at Hugo hoppa, men tryna. Laurdag deltek han i «Ta sjansen» – på ski.

Hausten 2000 starta Line og nokre til Regionavisa. Hugo vart att på Lillehammer, men kom flyttande til Ulsteinvik etter 1,5 år og vart redaktør i avisa.

– Hugo er utruleg tilpassingsdyktig. Han tok på seg trenarjobb i Hødd, og for han er Hødd like viktig som Tromsø. Då Hødd møtte Tromsø i Cupfinalen var han kledd i blått, fortel Line.

Gjekk på ein alvorleg smell

Ho var i mange år salssjef i Regionavisa, og vedgår at det til tider ikkje var nokon dans på roser. I januar 2016, etter å ha følt seg sliten lenge, gjekk ho på ein alvorleg smell, og vart sjukmeld.

– Eg erkjenner at eg aldri blir den same igjen. Det er framleis «fyr i pipa». Eg har lett for å engasjere meg, men blir raskare tom enn tidlegare. Før skulle eg berge arbeidsplassar og lønningane til dei tilsette. No må eg ikkje det lenger, og det er veldig godt, slår ho fast.

I desember 2017 gjekk Regionavisa inn, og Line meiner det i første rekke er to årsaker til dette: Vi hang ikkje med på digitaliseringa, og vi fekk merke krisa i maritim sektor.

Men dette er no historie. Når Line skal slappe av besøker ho mor si på Ulstein sjukeheim. Eit ritual som ho gjer nesten kvar dag. Dessutan går ho tur med dei to bikkjene sine. Men no er det fullt trykk på Trebaatfestivalen, og Line håper både store og små vil strøyme til Ulsteinvik i helga.