Ein mann i 30-åra frå Hareid må møte i Sunnmøre tingrett, tiltalt for råkøyring.

Ifølgje tiltalen braut mannen fartsgrensa i ei 70-sone på Hareid i 2-tida natt til ein søndag i november i fjor.

Politiet meiner mannen køyrde i 125 kilometer i timen, står det i tiltalen.