Det går gjetord om vesle Dragsund, som no har 35 barn under 12 år. Også i pressa har det vore skrive om det. For Vestlandsnytt hadde i midten av mars ein stor reportasje om den gryande barnegrenda Dragsund.

Mykje har skjedd i Dragsund på berre nokre få år, fortel innbyggjarane. Frå å vere ei grend prega av fråflytting, slik som mange andre grender, har området mellom Dragsundbrua og Myrvåg blitt revitalisert. Nytt liv fører til nye tankar, eit sterkare fellesskap og ei større framtidstru.

Eit synleg prov på alt dette fekk ein då Dragsund Grendelag arrangerte basar på Møre barne- og ungdomsskule søndag. Rundt rekna 250 personar var innom dørene i løpet av dagen, og inntektene frå lodd- og matsal går til eit fellesområde for grendelaget, der innbyggjarane ønskjer å setje opp ein leikeplass.

– Det er utruleg kjekt å sjå at så mange ville kome. Dette har gått over all forventing, sa styreleiaren i Dragsund Grendalag, Cesilie Sundgot, til Vikebladet Vestposten.

Ho og dei andre i styret, i tillegg til fleire andre blant bygdefolket, hadde baka, samla inn gevinstar frå sponsorar til ein totalverdi på 18.000 kroner og laga til eit flott arrangement i gymsalen på Møre-skulen.

Fellesområde er førsteprioritet

Initiativtakaren bak leikeplassen og utbygging av eit fellesområde den kan stå på var Henriette Sjåstad.

– Vi sende ein førespurnad til Herøy kommune, men fekk beskjed om at vi måtte gjere arbeidet sjølv. Det var tilgjengelege område, men sjølvinnsats var pårekna. Difor sette vi i gang for fullt, og denne basaren er eit ledd i dette arbeidet. Vi er også på jakt etter sponsorar, så den som ønskjer å bidra til at mange små og store får eit flott nytt fellesområde i Dragsund, kontakt oss gjerne, seier Sjåstad og grendelagsleiar Sundgot.

Edvin Eri Pettersen har budd i Dragsund i 11 år, er veldig glad for engasjementet til tilflyttarane.

– Heilt klart. Det er kjekt å sjå at bygda veks, og at grendelaget har vakna til liv igjen, seier han.

Godt frammøte: Grendelagsleiaren fortel at mellom 200 og 250 personar var innom basaren til inntekt for nytt fellesområde. Arrangementet gjekk av stabelen på Møre barne- og ungdomsskule søndag. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll