Dottera hennar er ei av brukarane av Snoezelen på Ulstein kompetansesenter. Hatløy er sterkt imot ei omlegging av tilbodet. Ho er forundra over signala frå PPT om at all undervisning skal gå føre seg i klassen. Ein bør ta omsyn til eleven sitt behov. Nokre elevar treng å få kome ut av gruppa av og til for å lære ein-til-ein. Så kan dei kome tilbake til gruppa og vise kva dei har lært, og sånn kjenne meistring.

– Eg meiner måten PPT arbeider på ekskluderer dei svakaste. Dei frårøver dei moglegheita til å nå eit slikt nivå at dei kan vere i lag med andre, seier Hatløy og håper dei andre utvala sluttar seg til tilrådinga frå fellesrådet.