Det enda 3–1 til Ørsta då Ørsta og Hareid møttest i Ørsta i sesongopninga. Då gav Martinus Røyset Bakken Hareid leiinga, men tre mål frå Knut Erik Myklebust i den andre omgangen sørga for at Vegard Heltne fekk ein perfekt start som Ørsta-trenar.

Fredag tek Heltne med seg Ørsta til Hareid stadion, der Hareid så langt berre har fått med seg tre poeng denne sesongen. Dei kom då Godøy var gjestar på Hareid-graset.

Med sine seks poeng har Hareid ein jobb å gjere for å sikre seg trygg plass i divisjonen. Spesielt sidan alle tre sunnmørslaga i 3.-divisjon kan risikere å rykke ned denne hausten.

Etter 11 kampar er Hareid nede på ein 10.-plass i avdelinga, medan fredagens motstandar er oppe på ein sterk 4.-plass etter ein god vårsesong.

Spesielt borte har Ørsta vore solide, der dei står med fire sigrar og eitt tap på fem kampar.

Hareid kan klatre forbi Larsnes/Gursken med siger over Ørsta.