Semesterstarten er unnagjort og brorparten av dei tilsette ved Høgskulen i Volda er i sving igjen etter sommarferien. Men det er også dei som er nye, til dømes Randi Urke frå Ulsteinvik. Ho tok til i stillinga som personalsjef 1. august.

– Det var ei flott semesteropning med foredrag kring digitalisering i skulen ved Synnøve Amdam, opningsseremoni med talar frå tilsette, studentar og politikarar, i tillegg til musikalske innslag frå Side Brok og Øyra-skulen, seier Randi Urke og legg til:

– Det er klart det er kjempespennande dette, men eg har fått eit veldig bra første inntrykk. Utifrå det eg har sett så langt er det mange dyktige og kompetente medarbeidarar her, og eit godt samarbeidsklima. Som ny kjenner ein jo på at ein ønskjer å bli operativ så raskt som mogleg, men det vil nok ta litt meir tid før eg er heilt inne i det. Mesteparten av erfaringa mi er frå offentleg sektor, men etter å ha vore i det private i nokre år no, blir det ein liten overgang.

Randi Urke har nemleg vore HR-ansvarleg i Ulstein Group sitt designselskap Ulstein Design & Solutions frå 2010 og fram til i år.

– Det er jo mykje likt ved det eg skal gjere no og det eg har gjort dei siste åtte åra, men rammene er naturlegvis ulike, seier Randi.

Ulsteining OG herøyværing

Men vegen mot den nye jobben starta sjølvsagt ei stund før dette.

Randi vaks opp i Ulsteinvik, men kjenner seg like nær Herøy.

– Mor mi kjem frå Herøy, og vaks opp i ein søskenflokk på sju. Eg hadde difor mange tanter, onklar og søskenbarn der ute, og vi var der ofte. Eg har mange sterke relasjonar og vennskap frå den tida, og føler eigentleg eg er like mykje herøyværing som eg er ulsteining, seier Randi med eit smil.

Randi og ektemannen Nils er godt i gang med å restaurere og byggje på ei hytte på Grønhaug på Eggesbønes, som foreldra hennar i si tid bygde.

– No som døtrene våre Nina (29) og Anne-Stine (26) har flytta ut er det kjekt for meg og Nils å ha eit felles prosjekt som gir oss mykje glede. Eg føler meg veldig heime i Herøy også, det er ein flott stad å vere, seier ho.

Som fortel at Hjørundfjorden og bygda Urke, opphavet til slektsnamnet hennar, også er ein spesiell stad for henne.

Lang og relevant røynsle

Etter Ulstein vidaregåande skule og språkfordjuping der, byrja Randi på lærarskulen i Volda.

– Eg var vel eigentleg ein av dei som sa at eg ikkje skulle bli lærar, seier Randi flirande.

– Gjennom speidaren og diverse lagsarbeid fekk eg smaken for leiing på eit litt enklare nivå, og fann ut at eg likte godt å leie og lære born og unge. Eg fann ut at lærarutdanninga i Volda difor ville passe meg bra. I tillegg tok eg spesialisering i tysk, fortel Randi Urke.

Ho fekk seg raskt fast jobb som lærar på Ulstein ungdomsskule etter ho var ferdig med utdanninga.

– Etter kvart byrja eg å leike meir med tanken om å gjere meir inn mot leiarbiten av skulen. Eg veksla difor litt mellom undervisings- og leiarjobbar både på ungdomsskulen i Ulsteinvik og barneskulen i åra som kom.

Etter å ha vore inspektør både på barne- og ungdomsskulen var Randi rektor på ungdomsskulen frå 2006 til 2010.

– Det er nok ungdomsskuletrinnet som har appellert mest til meg, men eg hadde ei flott tid i heile mitt virke i grunnskulen.

Følgde jobb-førebiletet sitt vidare

Men i 2010 blei det altså eit nytt skifte for Randi. Ei dame som har betydd mykje for ho i yrkeslivet er Torild Bugge, og det blei til at vegane deira skulle møtast ikkje berre éin, men to gonger.

– Ho var ei føregangskvinne på ungdomsskulen i Ulsteinvik, og var mellom anna den fyrste kvinnelege rektoren der. Nokre år seinare var Torild HR-direktør i Ulstein Group, og eg fekk sjansen til å bli HR-ansvarleg for forretningsområdet Ulstein Design & Solutions, seier Randi.

Etter åtte år med spanande oppgåve for eit internasjonalt selskap, er ho no altså på plass som ny personalsjef på Høgskulen i Volda.

– Eg hadde ei kjempetid i Ulstein, men då eg såg denne moglegheita kom, kunne eg ikkje la vere å søkje. Det er godt å vere tilbake på ein stad som ligg så nærme hjartet mitt, og eg er veldig takksam for at eg har fått sjansen. Eg gler meg til fortsetjinga, seier ho avslutningsvis.