Det var kraftig røykutvikling inne i eit av produksjonslokala til Rolls-Royce Propulsion som gjorde at det vart slått full alarm. HMS-ansvarleg Oddbjørn Dimmen opplyser at det var operatørane sjølve som sløkte brannen, men at både bedrifta sitt eige Sikkerheitssystem, Ulstein brannvern og politiet var raske på staden. Kva som er årsaka til at det begynte å ulme er ikkje klarlagt enno.
Nyhende →
Branntilløp ved Rolls-Royce
Klokka 15.30 i dag (onsdag) vart det full utrykking til Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik. Men tilløpet til brann kom raskt under kontroll.