Kven som har sett opp skiljeveggen, er uklart, men Rasmussen understrekar at veggen ikkje har vorte drøfta med leiinga. Administrasjonen har kantina si ein annan stad på verftsområdet, og visste ikkje om muren som var sett opp mellom eigne tilsette og gjestearbeidarane før industrivernleiar Billy Flø slo alarm. I løpet av helga og måndag gjekk nyhendet om skiljeveggen på Kleven som ein farsott i landets nettaviser. "Apartheidvegg i kantina" var tittelen til Dagbladet, medan na24 brukte "Skillevegg mot polakkar". Ståle Rasmussen er lite begeistra både for veggen og for den negative omtalen. Han veit altså ikkje kven som har sett opp skiljeveggen, men opplyser at det ikkje er brukt pengar og materiale til ein ny vegg. I kantina på Kleven har det stått ein del romelement frå før, og det er desse som onsdag vart sett saman til ein skiljevegg.

Få integreringsproblem

-Eg synest det som er gjort var både dumt og uheldig. Kleven Verft har hatt få problem med integrering av utanlandsk arbeidskraft, slår han fast. Rasmussen viser til at ein fjerdedel av dei fast tilsette ved Kleven Verft kjem frå utlandet, til dømes Polen, Litauen, Sri Lanka og Romania. Dei har busett seg i regionen med familiane sine, og integreringa har gått fint. Men byggjeprogrammet ved Kleven Verft er svært intensivt for tida. Inklusiv underleverandørar er det no opp til 600 personar som skal ete i kantina, og det fører til at der blir trengsel og kø. - Vi prøver å ordne slik at folk skal ha etepausane sine til ulike tidspunkt, men dette har ikkje fungert godt nok. Vi må derfor skjerpe rutinane, slik at ikkje alle kjem inn i kantina til same tid. - Enkelte har hevda at gjestearbeidarane ikkje held like god orden på spiseborda som fast tilsette? - Eg trur ikkje skilnaden er så stor. Problemet er at det er trongt i kantina og at folk blir ståande i l kø for å finne seg eit ledig bord. Då blir det lett meir rot, og det gjeld både for nordmenn og utlendingar, svarar Rasmussen. Styret i eigarselskapet Kleven Marine har vedteke eit utbyggingsprogram for Kleven Verft. Målet er å lage eit betre verftsanlegg og Rasmussen ser ikkje bort frå at det også må gjerast noko med kantinelokalitetane.

Også fast tilsette følte ubehag

Industrivernleiar Billy Flø opplyser at mange fast tilsette reagerte negativt då dei oppdaga skiljeveggen som kom opp onsdag. Fleire av dei signaliserte sterkt at dei følte ubehag ved å sitje i eit bur for å ete. - Det som har skjedd er berre dumt, kommenterer Billy Flø, som altså får full støtte av administrerande direktør Ståle Rasmussen. Fredag, under dåpen av "Rem Balder" var alle som jobbar ved Kleven invitert til marsipankake i kantina. Då gjennomførde mange av gjestearbeidarane ein stille demonstrasjon med ikkje å møte opp. Dei ønskte ikkje å sitje for seg sjølve bak ein glasvegg med marsipankakestykka sine.