Som tidlegare skrive er det sett fart i arbeidet med å få til ei riksveg-rundkøyring på Holstad - for å få ei betre og tryggare trafikkavvikling for dei to kryssande vegane "Hareidsmyrane" og "Gamle Brandalsvegen". Det store spørsmålet er kvar krysset skal ligge. Skal det ligge der vegen gjennom Hareidsmyrane når bort til riksvegen - eller der vegen frå Holstad, Gjerde og Brekkane kjem ned til riksvegen? Nærings- og miljøutvalet får saka på bordet 8/2 med tilråding om å starte reguleringsarbeid for begge alternativa i von om at det beste alternativet vil utkrystallisere seg.