Planen var å opne 9-holsbanen i haust med ei stor golfturnering. Men entreprenøren vart forseinka i fjor haust, og høljregnet i sommar har skapt ytterlegare vanskar med å halde framdrifta innanfor tidsrammene. Akkurat no legg Tussa kraftleidningar gjennom feltet, og Sunnmøre Golfklubb førebur oppsetjing av klubbhuset sitt. Vi har ikkje gitt opp håpet om ei turnering i haust, men eg torer ikkje å fastsetje nokon dato no, kommenterer leiar Gunnar Aursnes i Sunnmøre Golfklubb. Men laurdag kan treningssugne golfarar ta i bruk sjølve treningsfeltet. Framover hausten kan dei perfeksjonere slaga sine på treningsfeltet. Aursnes opplyser at det blir lagt opp til treningskveldar med instruktørar både for knøttar (under 13 år), juniorar og folk som vil ta Grønt Kort. Sistnemnde har både ein praktisk og ein teoretisk del. Første byggetrinn går frå Sandgotane ved vegen som fører inn til Morka og framover langs Hovdemyrane og garden til Peter Rise. Med til første byggetrinn høyer også eit område opp mot riksvegen, mellom fotoboka ved innkøyrsla til Bigset Vest og huset til Bodil Rise. Prislapp på første byggetrinn, inkludert klubbhus og treningsfelt, er om lag 20 millionar kroner. Sunnmøre golfklubb har hand om nærare 800 mål i Hovde- og Risemyrane, og klubben har teikningane klare for ei utviding til 16 holsbane. Men kva tid det blir oppstart på andre byggjesteg, er ikkje avgjort.